NetNordic og Det Norske Teatret inngår samarbeidsavtale for å kombinere kunst og teknologi
NetNordic, med si lange historie med å levere innovative IT-løysingar, ser fram til å samarbeide med Det Norske Teatret for å utforske nye kreative frontar.
- Ved å kombinere ressursane og erfaringane våre håpar vi å skape noko verkeleg unikt og inspirerande for både teaterpublikummet og teknologientusiastane.Vi er svært glade for å kunngjere dette samarbeidet med Det Norske Teatret, seier Allan Bjørnstad, Head of Sales and Marketing hos NetNordic.
Kunst og ny teknologi
Det Norske Teatret har over lengre tid vore engasjert i prosjekt der teateret utforskar ny teknologi. Teateret er ein aktiv deltakar i eit større EU-prosjekt, ACuTe, som koplar i hop teater, universitets- og forskingsmiljø og kompetansesenter for digital kunst i heile Europa. Gjennom dette prosjektet blei kontakten med NetNordic oppretta og utviklarar frå Net Nordic er blitt ein del av det kunstnarlege arbeidet som skjer ved teateret. No har dette arbeidet resultert i ein tettare samarbeidsavtale.
Dette samarbeidet opnar opp nokre veldig spennande moglegheiter for oss og publikummet vårt, seier Thine Sletbakk Bugge, kommunikasjons- og marknadssjef hos Det Norske Teatret. - Det Norske Teatret har ei lang og framståande rolle i norsk kulturliv og i lag med NetNordic kan vi utvikle oss internt og bruke ny og spennande teknologi og kompetanse i utviklinga av scenekunst og i scenekunstproduksjonane våre, avsluttar Sletbakk.